Miljødirektoratet har i år 35 millionar kroner å fordele til organisasjonar, bedrifter og offentlege verksemder som vil gjere noko med forsøplinga av havet og kysten.

Fem millionar kroner er sett av til pilotanlegg for botnstoffvaskeanlegg for båtar, men elles er det fritt fram for å søkje om støtte til ryddeaksjonar og transport og innlevering av søppel til godkjente mottak, inkludert fjerning av eigarlause fritidsbåtar. Det er òg rom for å søkje om støtte til førebyggjande tiltak som informasjonsarbeid, haldningskampanjar og undervisningsopplegg.

I fjor fekk Miljødirektoratet 70 søknadar frå engasjerte strandryddarar over heile landet.

– Vi håper folk er like ivrige i år. Marin forsøpling gjer stor skade på miljøet, og vi treng all den hjelpa vi kan få til å få bukt med problemet, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Søknadsfristen er 16. mars.

Hold Norge Rent inviterer elles folk over heile landet til å vere med på strandryddedagen 6. mai.