– Eg har ikkje merka så veldig mykje sjølv, då eg var vant med denne middagstida då eg budde heime, men eg ser heilt klart at det vore svært positivt for mange andre her på Hadartun. Det skal likevel seiast at eg føler meg noko piggare no med den nye ordninga, fortel Arne Holstad til Vikebladet Vestposten.

Han og kona Turid Teigene Holstad tok sin daglege gåtur i gangane på sjukeheimen då lokalavisa var på besøk måndag. Holstad og dei andre bebuarane på sjukeheimen får no middag klokka halv fire på ettermiddagen, ikkje klokka eitt, slik ordninga har vore til no. I tillegg har eit lunsjmåltid kome til i den nye måltidsordninga, og det blir servert klokka halv eitt. Matsalen, leilegheitene og dagsenteret har middag klokka to, fordi dei som kjem frå bygda for å få mat, blir køyrt heim igjen før dei andre skal ha middag. Desse får no også frukost.

Gode tilbakemeldingar

Leiinga ved sjukeheimen har fått gode tilbakemeldingar både frå brukarar og pårørande sidan ordninga blei innført.

– Frå og med 23. januar sette vi i gong med den nye ordninga på heile huset. Vi lanserte den først på skjerma avdeling, og tilbakemeldingane derifrå var veldig, veldig gode. Pasientane der vandra mykje på kveld og natt tidlegare, men det har kome seg betrakteleg etter at vi starta med denne nye planen for når måltida skal vere. Det er framleis ganske nytt på dei andre avdelingane, men så langt er erfaringane veldig gode, seier Ann Cecilie Garnes Utgård, leiar for kjøkkenet på sjukeheimen.

Utgård kan også fortelje at kjøkkenet ikkje har blitt nøydde til å utvide stillingsheimlane for å passe inn utvidinga med eitt måltid.

Også fleire gevinstar følgjer med den nye ordninga, ifølgje Nina Ulstein, leiar for skjerma avdeling, der den først blei prøvd ut, frå og med for rundt eitt år sidan.

– Vi ser at det ikkje er så mange som må stå opp igjen for å få meir mat, og vi ser at dei fleste søv mykje betre. Det er veldig godt å vite at dette fungerer bra, seier Ulstein.

Positive effektar

Sande kommune køyrde i gong eit liknande opplegg like over nyttår, i Ulstein har det blitt prøvd ut, men ein har gått tilbake på det. Sjukeheimslege Ottar Grimstad er svært positivt til at måltida no blir spreidd meir utover dagen.

– Eg har ivra for dette lenge, fordi det å få i seg rett mat til rett tid er viktig. Mange eldre får redusert matlyst, og når dei då får litt lengre tid frå frukost til middag, med ein lunsj i mellom, vil det gi positive effektar for alle involverte, seier Grimstad.