Brannskadar blir sjeldan trukke fram som ein stor risiko. Den viser blant anna at rundt 15.000 personar får medisinsk behandling for brannskadar årleg. Born i alderen 0-9 år er dei mest utsette.

- Dei fleste brannskadane kan ein unngå, seier Kenneth Wangen, leiar av Norsk forening for brannskadde.

Wangen peikar på at mange som pådreg seg ei brannskade, sjølv forårsakar den. Det er også mange småbarnsforeldre som ved bidreg til at borna blir brannskadde. Dette er forhold som skal synleggjerast i ein landsomfattande kampanje med skadeførebyggande informasjon.

- Forhåpentleg kan vi bidra til at fleire får augene opp for dette, slik at talet på ulukker som fører til brannskade går ned, seier Wangen.

Wangen meiner det dreiar seg om milliardbeløp i helsetenester og andre offentlege ytingar. I tillegg medfører brannskadar personlege lidingar som ikkje let seg måle, seier Rolf Søtorp, administrerande direktør i Norsk brannvernforening.

Førebyggjande kampanje«Sky ilden» er ein landsdekkende informasjonskampanje som skal bidra til færre brannskadar, og formidle kunnskap om behandling av skadar som likevel oppstår. Det er eit samarbeid mellom Norsk forening for brannskadde og Norsk brannvernforening med støtte frå Helsedirektoratet.

Meir enn 100 brannvesen har til no sagt ja til å være bodbringarar for kampanjen.

Dette er oversikta som viser talet på unike pasientar som måtte få behandling for brannskade, av fastlege eller legevakt:

2009: 12 877 personar2012: 13 741 personar2015: 14 222 personarKjelde: Helsedirektoratet

Ti praktiske tips:

  • Ikke lat små born opphalde seg ved ein komfyr som er i bruk.

  • Lat kjelehandtak peike innover.

  • Montér barnesikring på stikkontaktar.

  • Pass på å avgrense born sin tilgang til peis og andre ting med varme overflater.

  • Ikkje ha dukar på bordet som born lett kan dra i.

  • Vær medviten kring kvar og korleis du løftar og ber te/kaffi og varme gryter. Ikkje gjer dette direkte over eller i nærleiken av born.

  • Pass på at born ikkje kan tappe brennheitt vatn frå kranen. Juster gjerne ned temperaturen på vatnet frå beredaren.

  • Lagre fyrtøy på ein trygg måte.

  • Bensin må aldri brukast som tennvæske.

  • Etterfyll ikkje raudsprit på eit apparat som akkurat har vore i bruk.