Redningsetatane rykte fredag morgon ut til Almestad/Gursken etter melding om ein bussvelt.

I tillegg til sjåføren skal det vere sju passasjerar i bussen. Politiet skriv på twitter at passasjerane har blitt plassert i ein annan buss som har kome til staden.

Velten skal ha skjedd på fylkesveg 61 mellom Almestad og Vågen i Gursken.

Helsepersonell har sjekka alle pasasjerane og det skal ikkje sjå ut til at nokon har kome til skade.