Dei siste dagane har det endeleg sett ut som vinter på Sunnmøre, og det slår også positivt ut for lokale skisenter. Fredag held nemleg både Ørsta og Volda skisenter ope.

Men det manglar framleis noko snø i traseane, og difor er det så langt berre familietrekket på Volda skisenter, og t-trekket og barnetrekket på Ørsta skisenter som er sett i drift.

Litt lenger unna har Hornindal skisenter fredag opna heile den 1650 meter lange Tverrløypa og skisenteret melder om gode forhold, også for laussnøkjøring i sitt anlegg.

Og truleg kan det vere verdt å kome seg på ski no om ein ønskjer det. Den komande veka er det ikkje venta særleg med nedbør, men temperaturane er venta å kome godt over 0 grader.

Det er samstundes grunn til å vere forsiktig om ein tek turen ut i terrenget. Nettstaden Varsom.no melder at det er betydeleg snøskredfare på Sunnmøre og at det spesielt i leområde har bygd seg opp store mengder snø som kan føre til flakskred.