Ifølgje Vestlandsnytt verkar det som engasjementet om kommunesamanslåing har teke seg opp i det siste. Man avisa meiner dei har avdekt mykje politisk skepsis til ei samanslåing.

Fleire av gruppeleiarane i Herøy kommunestyre stiller seg heller lunkne til ei kommunesamanslåing med Sande. Den det alle stiller seg bak er ønskjet om eit tydeleg råd frå innbyggjarane gjennom folkerøystinga, skriv Vestlandsnytt.

I Sande er det Høgre og Sande Vest som til saman har fleirtalet i kommunestyret, og i utgangspunktet går dei inn for samanslåing av kommunane. Blir det samanslåing, skal namnet på den nye kommunen vere "Havøy".

Høgre er det klart største partiet i Sande, og gruppeleiar Inge-Johnny Hide seier til Vestlandsnytt:

Vi i Høgre har samla gått inn for denne avtalen i kommunestyret. Likevel er det slik at vi har bede inbyggjarane om eit råd, og så må vi tolke oppslutnaden og resultatet etterpå.

Hide legg til at dei ikkje vil bruke partipis i denne saka.