Snøfallet dei siste dagane har ført til vanskelege køyreforhold mange stadar. Torsdag køyrde ein lastebil av vegen i Hjørungavåg, og fredag har det vore ei rekkje ulukker rundt om på vegane.

Fredag ettermiddag har eit utanlandsk vogntog blitt sittande fast i Leikongbakken på fylkesveg 61. Dette fører til lange køar på staden.

Politiet melde like før halv fire i ettermiddag at trafikken flyt greitt forbi traileren. Det blir no sett kjetting på traileren og politiet er ferdig på staden.