Herøy kulturhus er eit stort og viktig bygg som krev mykje på rehabiliserings- og vedlikehaldssida. No har eigedomsavdelinga fått midlar til å gå laus på nokre av dei viktigaste ting på ei lang liste, skriv Vestlandsnytt.

Både ytter- og innerdører skal skiftast, og tanken er å gjere kulturhuset til eit meir sjølvstyrt hus med soneinndelingar. Frivilligsentralen skal flyttast til ein annan del av bygget og det skal på plass skalsikring med nøkkelkort i heile bygget.

650 kvm golvbelegg

Eigedomsleiar Robert Myklebust seier til Vestlandsnytt at Arbeidstilsynet har vore inne i ein prosess med krav om kartlegging av eventuell asbest i bygget.

- Kartlegginga har påvist asbest i golvbelegg, som vi tek sikte på å få sanert før dei øvrige tiltaka blir iversett, fortel Myklebust.

Totalt dreier det sm om rundt 650 kvadratmeter golvbelegg.