Måndag 9. januar hadde vore ein heilt vanleg arbeidsdag for dei tilsette ved Sporstøl Bilverksted i Dragsund.

34 år gamle Svajonas Tamosauskas hadde gått i garderoben og gjorde seg klar for å reise heim til Hjørungavåg. Då skjedde det. Svajonas fekk eit kraftig hjarteinfarkt og fall overende.

– Eg hugsar ingen ting før eg vakna opp på sjukehuset. Arbeidskameratane mine fann meg livlaus på golvet og sette i gang hjartekompresjon, samstundes som det vart ringt etter legehjelp.

Etter det Svajonas har fått vite i ettertid, pågjekk livrednigna i mellom åtte og ni minuttat. Då kom helsepersonell og overtok.

Perfekt utført

Det var ungguten Tommy Sporstøl som tok hand om hjartekompresjonen og Svajonas fortel at legane, både ved legesenteret og i Trondheim, var imponerte over den tekniske utføringa av hjarteredninga.

– Dei fortel at denne vart perfekt utført, seier ein svært takksam Svajonas Tamosauskas. Han ønskjer gjennom avisa å rette ei stor takk til kollegaene sine ved Sporstøl Bilverksted.

– 9. januar har blitt min andre fødselsdag, legg han til.

Etter å ha blitt køyrt bort i ambulanse vart Svajonas frakta vidare til Trondheim i helikopter. Ved sjukehuset i Trondheim vart han halden kunstig i koma for at kroppen og hjartet skulle kome seg til hektene att.

Neste månad statsar Svajonas Tamosauskas å vere tilbake i jobb på bilverkstaden.