Gjenreisingsarbeidet har starta fleire stader i Syria, sjølv om krigen der ikkje er  over. Ei forening som kallar seg «Foreningen Fotballbane for jenter og gutter i Kobane» har søkt norske kommunar om tilskot til bygging av fotballbaner i den nordsyriske byen Kobane, som vart erobra av Islamsk Stat i 2014, men frigjort i januar 2015. Frigjeringa kosta dyrt. Det meste av byen låg i ruinar - og nesten alle innbyggarane hadde flykta. No er mange komne attende og har starta på gjenreisinga.

Mellom dei mange gjenreisingsoppgåvene er bygging av fotballbaner for jenter og gutar.

Innsamlinga har alt passert 400.000 kroner etter å ha motteke stønad frå fleire kommunar, fotballklubbar, enkeltpersonar m.m.

Hareid kommune beklagar å ikkje kunne gå inn som gjevar og grunngir det med den økonomiske situasjonen.