Securitas har registrert avvik i alkoholskjenkinga ved Hareid Pizza og Pub AS. Det blir derfor tilrådd å gi dei 2 prikkar, gjeldande frå 13. november 2016, datoen for avviket. Denne dagen var det ein openberrt rusa person i lokalet. Denne  personen vart ikkje utvist frå lokalet medan han sat der, men forlèt skjenkestaden etter ein samtale med ansvarshavande ved bardisken.

Ansvarshavande har stadfesta Securitas sin observasjon.

I ei meldingssak til levekårsutvalet i Hareid blir det streka under at det ikkje er snakk om å ta løyvet frå bedrifta. Den nye ordninga med prikkbelastning inneber at det ikkje blir gitt nokon reaksjon frå kommunen før skjenkestaden har fått 12 prikkar i løpet av to år. Då står løyvet i fare.