Politiet melder måndag ettermiddag om at ein person skal ha fått eit røyr over ryggen. Arbeidsulukka fann stad på Frøystad, og skal ha skjedd medan vedkomande var på arbeid. Det er ikkje klart enno i kva grad vedkomande har blitt skadd som følgje av ulukka. Politiet og helsepersonell var raskt på staden.

Personen blei så frakta til sjukehus med luftambulanse, og vedkomande klaga over smerter i ryggen.