Er det meir enn 800 meter å gå til butikken, bruker folk heller bilen, viser ein ny rapport.

Det er Transportøkonomisk institutt (TØI) som i samband med prosjektet Klimatt har undersøkt kor mange som må bu i eit bustadområde for å gi grunnlag for å etablere ein eigen daglegvarebutikk, og kor langt unna butikken maksimalt kan liggje viss ein skal unngå at folk bruker bil.

Forskarane har komme fram til at det må bu 3.000 – 5.000 personar i eit slikt bustadområde, og at avstandane ikkje kan vere meir enn 650 meter i luftlinje. Butikken må dermed liggje nærare enn rundt 800 meters gange om folk skal velje å gå.

– Ut frå desse tala har vi rekna ut kor tette bustadområda må vere, og dei må vere mykje tettare enn bustadområda er i dag, seier forskingsleiar Aud Tennøy i TØI til NRK.

Bak Klimatt-prosjektet står fleire fylkeskommunar og fylkesmannskontor saman med Jernbaneverket, Statens vegvesen og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.