Ei kvinne frå Ulsteinvik tryke inn gassen altfor mykje under ein køyretur i oktober 2016.

På ei strekning der fartsgrensa var 50 km/t vart farta målt til 89 km/t.

Søre Sunnmøre tingrett har i skjerpande retning lagt vekt på at dette skjedde på ein veg i tettbygd strøk, der det var fortau heilt inn til vegbana og fleire busslommer og avkøyrsler til einebustader.

Ved utmålinga har retten i formildande retning lagt vekt på at kvinna har kome med ei atterhaldlaus tilståing, og også at det tok litt lang tid å få saka til pådømming.

Utan dei formilande omstenda i saka meiner retten at passande straff hadde vore fengsel på vilkår i 18 dagar.

No blir straffa fengsel i 16 dagar, med ei prøvetid på to år. Kvinna blir i tillegg utan førarkort i ni månader, og ho må punge ut med ei bot på 9000 kroner.