Dei mest verdsette arkeologiske kulturminna i Hareid vil bli skilta i løpet av 2017.

Dette går fram av ei saksutgreiing om Kulturminneplanen for Hareid, som no blir fremja for godkjenning i dei politiske fora.

Hareid kommune har søkt Møre og Romsdal fylkeskommune om tilskot til skiltinga.

Levekårsutvalet (LKU) vedtok hausten 2015 å støtte utarbeidinga av kulturminneplanen og oppnemnde seg sjølve til styringsgruppe for arbeidet.

Rådgjevande Arkeologar AS har hatt ei sentral rolle i arbeidet.

I desember 2016 vart det laga ein brosjyre, som vart delt ut til alle husstandar i kommunen før jul. Brosjyren vart laga i eit nært samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Hareid historielag og Hareid kommune.

Hareid historielag ved leiar Finn Sindre Eliassen har vore ein sentral medarbeidar.

Nasjonale undersøkingar tyder på at om lag 1 prosent av registrerte kulturminne forsvinn kvart år. Overført til Hareid betyr det at kvar tredje hus, løe, smie, stabbur er forsvunne i løpet av dei siste 30 åra. Det går særleg ut over løer, stallar og smier.Husa og stabbura står, og blir gjerne ombygde og moderniserte.