Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft, ønskte velkomen til dåpen av Windea Leibniz. Han hadde skrive inn i talen sin i går at det vart fint vêr, og det slo til.

Det er det tyske reiarlaget Bernhard Schulte Offshore som får overlevert skipet. Frå før har dei søsterskipet Windea La Cour som dei er strålande nøgde med. Søsterskipet har alt prova at X-STERN gjer at skipet er veleigna i dårleg vêr og kan vere i arbeid lenger om gangen.

For å representere reiarlaget var brødrene Johann og Hermann Schulte til stades, dei er femte generasjon i selskapet. Det var eldstemann Johann Schulte som heldt ein tale for dei. Selskapet har eit langt samarbeid med det kinesiske finansieringsselskapet ICBC Leasing bak seg. Schulte takka for at det kinesiske selskapet trur på prosjekta deira. Han er overtygdd om at dei gjennom samarbeid med det kinesiske selskapet og Ulstein Verft vil kome opp med produkt som er konkurransedyktige for framtida. Han snakka også om at vindkraftenergien er rein, og at han skaffar mange arbeidsplassar, så dette er framtida.

Skipet skal arbeide på Sandbank-vindfarmen utanfor Tyskland for Siemens Power Service. Rene Wigmanns helste for dei og skrytte av det flotte skipet og at det vil skape trygge arbeidstilhøve for mannskapet.

Dai Ling frå Kina var gudmor for skipet. Ho knuste champagneflaska på første forsøk.