André Gjerde er styreleiar for den kristne forsamlinga "The Rock", som leigde forsamlingshuset som brann til grunnen i Myrvåg natt til laurdag. Då Vikebladet Vestposten var på staden laurdag formiddag var det berre delar av bygget som framleis stod oppreist, og bygget er utvilsamt totalskadd. Politiet og brannvesenet driv no med etterarbeid og branntekniske undersøkingar for å finne ut av årsaken til brannen. Området er avsperra medan dette går føre seg.

Har ikkje sove

"The Rock"-styreleiaren fortel at han ikkje har klart å sove natt til laurdag som følgje av brannen.

- Eg var der ein tur i går kveld då eg fekk kjennskap til at bygget brann. Eg var også ein liten tur der i stad, og det var eit veldig trist syn. Det er ikkje mykje som er igjen av bygget vi har jobba så mykje med desse 4,5 åra vi har vore leigetakarar.

André Gjerde fortel også at forsamlinga hadde eigedelar inne i bygget som har gått tapt.

- Vi hadde piano, lydanlegg og mykje anna utstyr, som no er heilt øydelagd. Heldigvis var det forsikra, men det er uansett veldig trist å miste det, seier Gjerde.

Veit ikkje brannårsaka

Gjerde fortel at han har vore i kontakt med politiet, og at ein til no ikkje har fått vite kva som har skjedd.

- Vi veit ingenting om årsak enno, så vi er framleis i uvisse. Dette er heilt uverkeleg. Både for oss og for så mange andre, ikkje minst bygdefolket i Myrvåg og omegn, som eig bygget.

Styreleiaren seier at forsamlinga no må avlyse neste planlagde arrangement, det faste møtet dei har kvar søndag.

- Vi må berre setje det på vent, og jobbe for å finne ut av kvar vi kan vere framover. Men først skal vi la det gå litt tid, slik ein får ordna opp i alt som har skjedd.

- No skal vi i forsamlinga ta vare på og støtte kvarandre. Dette var berre så uendeleg trist, seier André Gjerde til slutt.