Silda er komen! Borgundfjordfisket er i gang!

Fiskerimuseet, Atlanterhavsparken og Marint kompetansesenter har slått seg saman for å rette fokus på det viktige fiskeriet som finn stad i fjorden og i havet rett utanfor kysten vår.

Programmet er fullt av aktivitetar og fagleg påfyll.

Atlanterhavsparken viser den sprell levande fisken i havet og langs Norskekysten, Fiskerimuseet formidlar korleis menneska har livnært seg av fisken opp gjennom tidene og Marint kompetansesenter rettar blikket mot framtidig bruk av ressursane.

– Det er kjempespennande og lærerikt for Fiskerimuseet å komme så tett inn på fiskerinæringa i dag, meiner formidlar ved Fiskerimuseet, Ingvil E. Grimstad, i ei pressemelding.

Bankskøytene kjem

Bankskøyta Storeggen av Aalesund blir ein viktig del av programmet. Denne typen fartøy revolusjonerte havfisket på Sunnmøre i andre halvdel av 1800-talet, og den var også med på Borgundfjordfisket.

Bankskøyteekspert Knut Maaseide vil fortelje om skøytene, og bankfiskarane Knut Arne Høyvik og Nils Roar Hareide skal fortelje frå fisket på Egga.

Publikum får vere med på mange aktivitetar som har med fiskerihistoria å gjere.

Nye marknader og smakar

Også den viktige eksportnæringa vil vere til stades, gjennom de lokale fiskeeksportørane Knut Haagensen i Jangaard Eksport AS og Carl Johan Pettersen i Jacob Bjørge & Co.

Fisken reiser langt, og blir del av ein matkultur som vi kanskje ikkje kjenner her heime. Nye ålesundarar som kjem frå importland for klippfisk og sild kjem med smaksprøver og historier frå sine heimland.

Gyting, kokkeshow og filetering

På Atlanterhavsparken får man nærkontakt med fisken i stortanken og direkterapportering frå gytinga i Borgundfjorden.

Meisterkokken Mindor Klauset frå Klippfiskakademiet skal ha Sild – og torskekokketeater, og publikum får vere med på filetering og torsketungeskjering.

Leiv Grønnevet og Svein Røsok skal kåsere over fiskerihistoria: Fiskerihistoria på 15 minutt.

Framtidig yrke

Fiskeriet skal vere med inn i framtida, og ressursane i havet skal utbyttes gjennom å bygge kompetanse og rekruttering, seier Ewa Hildre i Marint kompetansesenter.

Det er veldig viktig å peike på fiskerinæringa som ein attraktiv yrkesveg.

Både Marint kompetansesenter og fleire andre marine aktørar har støtta arrangementet, og slik lagt til rette for at studentar og elevar i vidaregåande skole får oppleve Sild og torskedagane.

Det store varpet

Avslutningsvis, på torsdagskvelden, blir det vising av kultfilmen «Det store varpet».

Filmen er frå 1960, og skildrar den euforiske stemninga som herska under sildefisket i Ålesund, i tillegg til ein god dose dramatikk og romantikk.