Talet på omsette eigedomar på ytre søre Sunnmøre held seg temmeleg stabilt i starten på året. Etter 58 eigedomstransaksjonar i januar er talet 59 i februar.

Ser ein nærare på dei ulike kommunene viser det seg at det er Herøy som har høgaste farta på dette området, og aukar frå 22 i januar til 27 eigedomstransaksjonar i februar.

For Ulstein sin del får vi ein svak oppgang, frå 16 til 17, medan Hareid går tilbake frå 15 til 11 omsette eigedomar.

I Sande kommune vart det gjennomført 5 eigedomstransaksjonar i januar, medan talet for februar er 4.

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.