Kommunikasjonsansvarleg Linn Urke Osnes ved Søre Sunnmøre Reinhaldsverk opplyser at sjølv om både Fretex og UFF har fleire innsamlingscontainarar i Hareid og Ulstein, hamnar det likevel store mengder klede, tøy og sko i restavfallet til SSR.

– Vi trur at mykje av grunnen til det, er at folk har for høge tankar til kva dei ønskjer å gi frå seg. At dei ikkje veit at også øydelagde ting kjem til nytte, uttaler Linn Urke Osnes i ei pressemelding

Ho legg til at gjenbruk og ombruk av klede, tøy og sko er både miljøvennleg og etisk.

Isolasjon i betong

Så lenge tøyet er reint og tørt, blir det nytta anten i redesign, til lappeteppe, pussefiller, putefyll eller andre produkt der ein kan nytte seg av tøyrestane. Klede som blir sende til Polen, og som ikkje lenger er brukande, blir mellom anna nytta til isolasjon i betong.

– Du må derfor ikkje tenke at kleda du skal kvitte deg med etter opprydding i skapet ikkje er fine nok eller bra nok til klescontainaren. Alt kjem til nytte, forsikrar Urke.

Klede som er heile og fine blir sortert og distribuert både i inn- og utland. Noko finn vegen til trendy vintagebutikkar, medan anna kjem dei som treng det mest til gode.

I 2016 vart det samla inn heile 166 tonn med klede, tøy og sko i kommunane Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Dette utgjer 6,3 kilo per person. Tala er henta frå Fretex og UFF, og i tillegg er der også andre innsamlingsordningar på marknaden.