Aura Avis på Nordmøre auka mest, medan Sunnmørsposten i Ålesund hadde den største tilbakegangen blant avisene i Møre og Romsdal, viser opplagstala for 2016.

- Vi innførte betalingsløysing på nett 6. oktober i fjor, og dette har så avgjort vore med på å stanse ein trend med opplagsnedgang, kommenterer redaktør Anne Gry Eilertsen i Vikebladet Vestposten.

I tillegg til «For abonnentar»-sakene på nett og mobil, innebar omlegginga også at abonnentane fekk gratis tilgang på e-avisa.

- Vi starta betalingsløysinga seint på året, og sett i lys av at dei fleste avisene i Møre og Romsdal hadde opplagsnedgang i fjor, er minus 28 eit resultat som viser at vi har klart å halde oss stabile, kommenterer Eilertsen.

Minus 229 for Vestlandsnytt

Avisa Møre-Nytt i Ørsta er blant dei få som hadde auke i fjor, pluss 12.

Av avisene i nærområdet hadde Møre i Volda ein nedgang på 110, medan Vestlandsnytt i Herøy og Sande hadde ein opplagsnedgang på 229.

- Sett i lys av at Vestlandsnytt ikkje har etablert seg med nettavis, er opplagsnedgang på heile 229 litt forunderleg, meiner redaktøren i Vikebladet Vestposten.

Ho trur ei forklaring kan vere dårlegare økonomiske tider i Herøy og Sande.

Positivt driftsresultat

- Vikebladet Vestposten har gjennomgått store omstillingar dei siste åra, og det er derfor svært gledeleg at driftsresultatet for 2016 er postitivt, seier dagleg leiar Heidi Myklebust.

Fjorten aviser hadde opplagsnedgang i Møre og Romsdal i 2016, medan seks auka.

Tala for nokre av avisene

Møre-Nytt, 4.854 (+ 12).

Møre, 3.207 (- 110).

Vikebl./Vestp., 3.768 (- 28).

Vestlandsnytt, 4.423 (-229).

Smp., 24.137 (- 638).

Sunnmøringen, 1.674 (- 68).

Sykkylvsbladet, 2.718 (- 79).

Synste Møre 2.214 (- 79).

RB. 15.056 (- 107).

Åndalsnes Avis, 3.330 (- 122).

Tidens Krav 11.586 (+ 32).

Aura Avis 2.684 (+ 66).

Driva 3.073 (- 226).

Nordfjord

Fjordabladet, 2.436 (-22).

Fjordenes T. 4.403 (- 163).

Fjordingen 3.721 (-76).

Firda Tidens 2.906 (- 15).

Dei store

Aftenposten, 210.472 (- 1.297).

VG, 96.988 (- 15.728).

Dagbladet 75.321 (+ 3.807).

Adresseavisen 60.653 (- 929).

Bergens Tidende 69.067 (-1.153)