-Dette betyr ufattelig mykje for meg. Eg hadde ikkje peiling i det heile tatt, og det var først då dei sa at kandidaten var leiar i kyrkjemusikalsk utval at eg forstod at det var meg dei snakka om. Det hamra i heile kroppen og eg kjende tårene kome.

-Det har vore mange tøffe og harde år, med barndomen og det som skjedde der. Det å jobbe seg ut av det og vere tøff nok til å stå oppreist, har vore ekstremt tøft. Etter alt som har skjedd ser ein at det likevel er verdt det til slutt. Eg har kome meg opp og fram, og har to fantastisk flotte jenter.

-Musikken har vore ei klippe gjennom heile livet mitt, avsluttar den verdige vinnaren av kvinneprisen 2017.

I eit avisintervju på 90-talet fronta Wenche eit alvorleg samfunnsproblem, nemleg seksuelle overgrep mot born. Ho ønskte å bidra til openheit og fokus rundt dette alvorlige sviket.

Ho er mellom anna leiar i lokallaget for Mental helse og har arbeidd for å halde oppe tilbodet ved det psykiatriske dagsenteret i kommunen. Ho har vore dirigent i Hjørungavåg skulekorps i over 20 år, sit i soknerådet, er med i arrangementskomiteen for salmekveldar i kyrkja, og har også vore med på å starte Ungdomskorpset og prosjektkoret Vokalisene.

Dei ho har vore leiar for i over 20 år, sit att med minner for livet.Det er ikkje tvil om at denne dama har betydd mykje for mange.