At Stad Skipstunnel er komen inn i Nasjonal Transportplan sin første periode betyr at kommunane på Søre Sunnmøre må tenke på kva nye vilkår dette vil gi, skriv Vorren.

Den første konsekvensen er at det kan bli etablert ei snøggbåtrute mellom Bergen og Ålesund - ja, og at denne kanskje kan strekke seg heilt nord til Trondheim.

Her må vårt distrikt henge seg på, meiner Vorren, som vurderer Larsnes eller Eiksund som naturlege stoppeplassar når snøggbåten passerer Åramsundet og stikk inn i Rovdefjorden og Vartdalsfjorden på veg til Ålesund.

- Tunnelen vil opne for båt-traikken mellom Vestlandet og Nordvestlandet på ein måte som vi i dag ikkje anar omfanget av, skriv Vorren.

- Ein armada av båtar vil brått ha massevis av nye plassar dei ønskjer å vitje, legg han til.