Nokre gonger kjenner eg meg nitti år. Eller eigenleg hundre, eller der omkring. Eg kan gå på med friskt mot og tenkje «dette klarer du, Ingvild», men så blir eg spurt om bankid, og då går alt i ball for meg og eg gir opp før eg liksom har starta.

Eg skjønar godt eldre folk som klagar over all teknologien som har inntatt samfunnet vårt. Det er ikkje lett å hengje med, og det seier eg som framleis ikkje har fylt førti.

I over tjue år har eg lese og sendt e-post. Snart like lenge har eg hatt mobiltelefon og sendt tekstmeldingar. Og deretter vart det biletmeldingar.

Eg er på Facebook, Twitter og Instagram. Fleire gonger for dag er eg innom. Eg betaler rekningane mine via ein app på mobilen. På mobilen les eg også nyhende, sjekkar vêrmeldinga og bestillar meg frisørtime. I det siste har mobilen blitt så frekk at han stadig fortel meg at eg bør ikkje sitje så mykje i ro som eg gjer.

Eg har stor glede av mykje av den nye teknologien, han lettar kvardagen min og gir meg underhaldning. Men det byrjar bli mange brukarnamn og passord å halde styr på. Og ikkje er det lov til å skrive opp passorda heller. For å gjere det enklare for meg sjølv bruker eg å nytte ein del passord fleire stader, men det er ikkje alltid det går. Og mange stader skal ein både ha brukarnamn og passord, korleis skal ein hugse kva brukarnamn og kva passord som heng saman, og skal vere kvar?

Etter sjølvmeldinga vart digitalisert, slutta eg å følgje med. Eg får sveittetokter berre av tanken. For korleis var det eg fekk logga meg inn igjen? Og kva er bankid-en min? Hadde det noko å gjere med bankid-brikka mi?

Innimellom tar eg meg i nakken og set meg ned for å ta grep og halde styr på denne økonomien. Etter å ha leita gjennom haugar med papir og late raseriet og sinnet mitt gå utover familien kjem eg meg inn på sidene til skatteetaten og får sett på årsmeldinga, berre for å sjå at alt ser ut til å vere som det skulle, og eg kan ikkje gjere anna enn å godkjenne det. Det er då eg spør meg: var det verdt det? Så er det ikkje sikkert eg gidd same opplegget året etter.

Eg har også gått over til å bruke ein app når eg handlar på samvirkelaget, i staden for det blåe kortet. Kvar gong eg handlar, får eg trekt ifrå ein rabatt for at eg er kunde, og eg får tilsendt virtuelle kupongar som gir meg rabatt på nokre varer. Ja av og til er eg så heldig at eg får gratis varer også, då blir eg veldig glad. Men her i vinter fann mobilen min ut, heilt på eiga hand, at han skulle oppdatere denne appen. Det førte til at han logga seg ut, og det gjekk sikkert to veker før eg fann rett passord og fekk logga meg inn igjen.

Det siste halvåret har eg hatt stor glede av å fange Pokemonar. Eg trur eg har fanga over 150 ulike figurar. Og når eg har sett statsministeren på fjernsyn, har eg lurt på kva nivå ho er på, for ho har tidlegare uttalt at ho også er biten av basillen. Eg rakk å kome på nivå 26 før mobilen min, også denne gong på eige initiativ, oppdaterte appen, og med det er eg logga av moroa. Eg har ikkje peiling på kvar eg skal byrje å leite etter passord.

I almanakken min på jobb har eg notert ned eit passord. Men kva det er til, nei det veit eg ikkje.