Ei av dei nyare norske utgåvene av Bibelen (Hermon Forlag 1997) har ei freidig framside: «Bibelen Guds Ord». Freidig fordi både omsetjarane og utgjevarane må vite at dette er ein tvilsam påstand.

Det står fritt å tru at Bibelen er Guds Ord bokstav for bokstav, men då må ein også ta inn over seg at Gud har ulike versjonar av Guds Ord. Eit døme: Lukas fortel at etter omskjeringa av Jesus i Jerusalem, drog Josef og Maria attende til Nasaret. Matteus fortel at dei rømde til Egypt frå Betlehem. Begge deler kan ikkje vere rett.

Den teologiske middelvegen er vel å hevde at Bibelen er skriven av menneske, inspirerte av Gud, men om ein er viljug til å sjå det i augo, så er alle bøkene i Bibelen openberre menneskeverk. Forfattarane av Bibelen speglar samtida si meir enn æva, som annan litteratur. Dersom innhaldet frå bok til bok var samsvarande og konsistent i innhald, så kunne ein endå tru at Gud stod bak, men så er ikkje tilfelle.

Det gamle testamentet - klipp og lim. Bibelen er sett saman av to boksamlingar, det gamle og det nye testamentet. Det gamle testamentet er jødane sin Bibel med 39 bøker. Hovudverket er dei fem Mosebøkene, Toraen. Mange trur framleis at Moses skreiv Mosebøkene. Om Moses har eksistert, veit me ikkje. Han er til no ikkje funnen omtalt i andre samtidige kjelder.

Bibelgranskarar held det for sannsynleg at Mosebøkene vart til under jødane si 47 år lange utlægd i Babylon, der den jødiske intelligentsiaen fekk rike kulturelle impulsar, m.a. frå eldre babylonske myter om skapinga og syndfloda, som me også finn att i Mosebøkene.

Mosebøkene er påviseleg sette saman av manuskript frå fire ulike forfattarar, og det er mykje som peikar mot at klipp og lim-redaktøren for Toraen var profeten Esra. Eit døme på dette finn me i 1. Mosebok sine to ulike skapingssoger. Den første i kapittel 1, den andre i kapittel 2 frå vers 4. Om Moses skreiv Mosebøkene etter diktat/inspirasjon frå Gud, hadde Gud neppe late han rote slik med ein kontrakt som skulle vere gyldig i all æve, i alle høve for israelittane.

Ein mistanke breier seg. Kva med Det nye testamentet, sjølve grunnlaget for kristentrua? Det nye testamentet er 27 utvalde skrifter frå vitnemål i tusental etter den jødiske sekta som seinare vart til kristendomen. Den autoriserte latinske Bibelen, Vulgate, vart omsett frå gresk og hebraisk av St. Jeronimus seint på 300-talet.

I seinmellomalderen byrja grundige bibellesarar å undre seg over at mangt og mykje i den latinske Bibelen ikkje var så konsistent og eintydig som ein måtte vente av Guds Ord. Og særleg etter Luther si tese om at «Sola Scriptura» (skrifta åleine) skulle vere rettesnora for kristentrua. Det vart fylgjeleg sett i gang arbeid med utgåver av Nytestamentet på gresk med «originale» skrifter. Den mest kjende er Erasmus Rotterdamus si utgåve, trykt i 1519, som fekk det skråsikre namnet Textus Receptus.

Veikskapen med denne utgåva er at dei få «originale» tekstane som Erasmus hadde, var frå 1100-talet, altså handskrivne kopiar av kopiar av kopiar osv. av originalar forfatta 1000 år tidlegare. Desse kopiane har seinare vist seg å ha mange avvik i høve til seinare tekstfunn frå urkyrkja, t.d. Codex Sinaiticus. Men mest alle bibelutgåver opp til vår tid har vore bygde på Textus Receptus, m.a. Luther sin tyske Bibel og King James-utgåva.

Feil og fusk i Bibelen. Etter kvart som fleire og eldre kopiar av nytestamentlege skrifter vart funne, greske, syriske, koptiske, vart det klart at det fanst mange versjonar. Den engelske professoren John Mill publiserte i 1707 ei bok som var eit jordskjelv for dei som trudde at Bibelen er Guds ævelege ord. Etter 30 år med studiar av eit hundretals kopiar av bøkene i Nytestamentet, fann John Mill ikkje mindre enn 30.000 skilnader.

Før Johann Gutenberg vart alle tekstar kopierte for hand. Det er berre menneskeleg at det då måtte oppstå avvik, og verst var det i dei første hundreåra, då tekstane vart kopierte av ukunnige. Ja, det fanst kopistar som ikkje kunne lese og skrive sjølve, dei berre teikna av teksten.

Teksten var ofte skriven med berre store bokstavar, utan teiknsetjing og mellomrom. At det såleis vart akkumulert nye avvik for kvar ny kopi, er berre rimeleg.

Mykje av dette er trivielle feil, som ikkje påverkar innhaldet i teksten, men det vart også gjort ei mengd vilja endringar av kopistar som meinte å rette ein blunder av førre kopisten, eller rette noko han heldt for å vere feil ut frå gjeldande dogme i samtida si.

Ikkje så reint få endringar sprang ut av dei blodige kyrkjepolitiske konfliktane i dei første hundreåra, m.a. om Jesu sanne natur: Var han Gud, menneske, begge deler samstundes eller Gud i deler av livet sitt og menneske i resten?

I verste fall vart det skrive nye vers inn i teksten. I 1. Korintarbrevet, Kap. 14, 33-35, finn me døme på eit slikt falskt innskot, som har vore teke for god fisk som Paulus sitt kvinnesyn og eit argument mot kvinnelege prestar.

Guds Ord – eller verdsarv? Bibelgranskarane er klare på at me ikkje har originalane til nokon av bøkene i Det nye testamentet. Sjølv dei eldste kopiane ein har funne til no, er ikkje kongruente. Dessutan er bøkene i Nytestamentet berre eit lite knippe av alle manuskripta som låg føre då innhaldet vart banka som Kanon på maktpolitisk grunnlag: Dette manuskriptet er Guds Ord, for det stemmer med kva me «ortodokse» meiner, men hitt manuskriptet er ikkje Guds Ord sidan det passar med trua til «kjettarane».

Evangeliet etter Thomas, Judas og Maria Magdalena var mellom dei mange titals evangelia som vart vraka. Det er verdt å merke seg at det var menneske med maktpolitiske interesser som bestemte kva som var Guds Ord og verdig ein plass i Nytestamentet.

For meg er Bibelen ein viktig del av den moralfilosofiske verdsarven vår. Utan bibelkunnskap går ein også glipp av mange fasettar i kulturarven vår. Både i språk, litteratur, målarkunst og musikk er der talrike referansar til Bibelen. I Bibelen finst det også ei mengd drivande gode og leseverdige historier. At 500 år med vitskapleg gransking viser at Bibelen er menneskeverk, gjer ikkje Bibelen ringare for meg. Men dei som søkjer Guds Ord, må leite andre stader enn i Bibelen.