Det er overføringane til sokna som styrer kor mykje dei andre tru- og livssynssamfunna i Ulstein og Hareid får i støtte, stadfestar ulsteinrådmann Verner Larsen og hareidsrådmann Ragnhild Velsvik Berge.

Ulstein kommune overførte 4 889 772 kr til Ulstein sokn i 2016. Hareid kommune overførte 3 332 850 kr til Hareid sokn i 2016. Ulstein sokn hadde det året 6539 medlemer, Hareid sokn 4011 medlemer. Om ein fordelar støtta på tal på medlemer i sokna ender Ulstein sokn opp på ei støtte på 748 kr per medlem, Hareid sokn med ei støtte på 831 kr per medlem.

I tillegg til overføringa til soknet gav Ulstein kommune 328 856 kr til andre tru- og livssynssamfunn. Hareid kommune brukte 121 604 til tilsvarande.

På spørsmål om kommunane vil budsjettere med auka utgifter til soknet, og andre tru og livssynssamfunn framover, svarer rådmennene ulikt. Medan Berge forventar ei jamn auke, svarer Larsen nei. – Her er ei kopling som gjer at støtte per medlem i andre tru- og livssynssamfunn vil auke dersom støtte per medlem til soknet aukar, svarer Larsen.

Kan bli dyrt å støtte ei ny kyrkje

– Vil det seie at om Ulstein til dømes løyver 10 millionar til nytt kyrkjebygg må dei andre tru- og livssynssamfunna få tilsvarande like mykje etter medlemstal?

– Der er ei vurdering av kva som går inn i fordelingsnøkkelen. Tilskot som blir gitt til soknet, men som er eit tilbod til alle, går ikkje inn i fordelingsnøkkelen. Døme på dette er gravplass. Dersom det i den nye kyrkja er deler som er tilbod til alle, må ein gjere ein separat vurdering knytt til dette.

Utover det er det slik at i den grad ny kyrkje fører til auka overføringar til soknet, vil òg tilskotet til dei andre auke like mykje, svarer Larsen.

Kyrkjeverjene håpar på god økonomi

På spørsmål om sokna reknar med å få dårlegare eller betre økonomi etter kyrkja har blitt eige rettssubjekt svarer kyrkjeverjene slik:

– At kyrkja som trussamfunn blir skild frå staten ser eg på som positivt. I den nye grunnlovsparagrafen står det no at Den norske kyrkja «Forbliver Norges folkekirke og understøttes som sådan.» At me vil ha dei same økonomiske føresetnadene for å drive kyrkjelyd legg eg difor til grunn – og for Hareid sin del at mellom anna det flotte arbeidet som born og unge kan halde fram. Det som er usikkert er kva som skjer med investeringane kring kyrkjebygg. Hareid kyrkje er 140 år i år og er eit dyrt bygg å drifte og vedlikehalde. Me vonar at dei økonomiske føresetnaden for desse kostbare tiltaka blir rekna med vidare i tilskota me blir tildelt, svarer Jan Erik Hovland, kyrkjeverje i Hareid.

– Etter endring i grunnlova har den norske stat ikkje lenger ein statsreligion. Kyrkja har blitt eit eige rettssubjekt med ansvar for å administrere drift av Kyrkjerådet og bispedømeråda. Kyrkja har også fått arbeidsgjevaransvar for presteskapet. Etter grunnlova sin intensjon skal Den norske kyrkja framleis vere ei landsdekkande folkekyrkje og få tildelingar for å vere ei slik kyrkje. Me fekk mellom anna i 2016 ei ekstra prestestilling på grunn av auken i folketalet her. På lokalt plan har soknet vore eit eige rettssubjekt i lange tider, i hovudsak finansiert gjennom kommunale tildelingar. Kyrkjeleg felleråd forvaltar desse og er arbeidsgjevar for alle tilsette unntatt prestane. Det er eit kommunalt ansvar å sørgje for drift av kyrkja lokalt. Kyrkjelova er ikkje endra på dette. Me reknar difor med at kyrkja vil ha om lag dei same økonomiske rammene som før, svarer Christfried Kaul, kyrkjeverje i Ulstein.