– Dette har vore ein prosess der vi har vore veldig opptekne av at vi ikkje skal ha liknande ferjer som dei vi har hatt ei stund no. Så har vi også vore tøffe og stilt svært strenge miljøkrav til nye ferjer. Vi visste at det ville føre til at vi fekk nytt materiell. No får vi tre flunkande nye miljøferjer, som skal gå kvart tjuande minutt. Dette har vi jobba for veldig lenge, fortel Gjerde til Vikebladet Vestposten.

Bytar ut Lada med Mercedes

Det var i mai i fjor at fylkestinget samrøystes gjekk inn for tre nye ferjer i sambandet mellom Hareid og Sulesund, og dette har vore eit nøkkelelement i anbodsprosessen.

– Vi byter ut Lada med Mercedes, sa fylkesvaraordføraren til lokalavisa den gongen.

At dette vedtaket kombinert med eit godt val av anbodsvinnar, vil vere til det beste for regionen, meiner Gjerde er heilt klart.

– No håper eg at denne perioden som har vore, med bilar som har vore nøydde til å stå igjen på kaiene på grunn av for dårleg kapasitet, men også med mykje trøbbel med både motor og anna, er over.

Ho trur og håper at det blir jobba godt i samråd med Fjord1 fram mot signering av kontrakt.

– Har vore eit mareritt

Saka skal til endeleg handsaming i fylkesutvalet, der Gunn Berit også er med.

Ho fortel at ho har jobba tett inn mot samferdselsutvalet i lengre tid, og seier ho er godt nøgd med at det blei stilt strenge krav både til at ferjene skulle vere av god kvalitet og ikkje minst miljøvenlege.

Det er ikkje til å legge skjul på at det har vore mykje trøbbel med ferjene i sambandet, og spesielt med MF Ullensvang. Gjerde gler seg til å sleppe meir trøbbel med gammalt ferjemateriell.

– Om sant skal seiast, så har dette vore som eit mareritt for oss fylkespolitikarane også. Det er den saka eg som fylkespolitikar har nytta mest tid på, i forhold til publikum, dei siste åra. Eg har vore forundra over korleis Norled har møtt både oss politikarane, media og andre kring problema dei siste åra. Dei har vore utruleg lite profesjonelle. No får vi inn ein aktør med lokale eigarar (Havila), noko eg trur blir veldig bra. Marerittet er over, seier Gjerde.