Den gamle fylkesvegen forbi Plassane på indre Hareid mista bussruta si for ei tid sidan. Årsak: Helse- og materiellfarlege monsterfartsdemparar.

I eit brev til Hareid kommune ber Leiv E. Hareide no om at kommunen sørgar for at vegen blir busskøyrandes, slik at dei som bur der har eit busstilbod.

Det er FRAM som har konsesjon på ruta Hareid-Hjørungavåg. Strekninga på den gamle fylkesvegen frå Hareidsbrua til Overå via Plassane mista tilbodet «utan varsel til menigmann», skriv han og melder at det har vore eit sakn for deisom bur på strekninga at der ikkje går buss.

Rutebussane har derfor lagt ruta mellom Hareid og Hjørungavåg på hovudvegen nede ved sjøen der ingen bur og der det heller ikkje er lov med på- og avstigning.

Skuleungdomar, pensjonistar og andre må derfor gå eit langt stykke når dei har behov for buss.

Leiv E. Hareide peiker også på at bruk av buss har vorte meir aktuelt enn før etter at Hareid sentrum fekk avgiftsparkering. Dei som skal vidare over fjorden – eller vidare med rutebuss sør- og vestover – vil helst unngå å betale dyrt for å parkere eller bruke drosje ut til sentrum. – For enkelte kan det vere langt å gå i «alt slags vêr», skriv han.

– Eg forventar og vonar at dette blir teke tak i og ordna snarast mogleg, skriv Hareide, som legg til at fartsdemparane også fører til problem for dei som har ansvar for snøryddinga.

Vart høvla ned til ingen nytte

Det var i fjor haust at oppsitjarar på strekninga tok eit initiativ for å få tilbake bussruta. Svaret frå busselskapet var at dei ville vurdere å føre strekninga tilbake i ruteplanen våren 2017 dersom kommunen ordna opp.

– Dei fire fartsdemparane som kommunen bygde på strekninga er altfor høge, knappe og korte og held langt ifrå den standarden som gjeld for buss og tungtrafikk i ei 40-sone, skriv Hareide, som også peiker på at også privatbilar har problem med konstruksjonane – og faktisk har vorte påført skade.

Kommunen har prøvt å rette på tilstanden, ved å høvle ned og bygge opp att to av dei fire demparane. Men i følgje Haeide har det vorte verre enn det var.

I tillegg vart det bygt ein ny «monsterdempar» lengst inne mot aust på strekninga.

Demparane får dermed framleis tommelen ned frå busselskapet si side.