- No er eg kraftig forarga, ringer varslar Jan Arild Bjåstad.

Han sat i ein av om lag 15 bilar som hadde tatt "Ullensvang" frå Hareid klokka 13.00 for å kome seg til Sulesund og vidare ut i verda litt før klokka 13.30.

- Vi gjekk under dekk og til bilane våre slik vi skal, då "Ullensvang" nærma seg Sulesund. Men det varte og det rakk utan at lemmen vart heist opp og bilane fekk varsel om å køyre i land. Til slutt høyrde eg på duren at ferja la frå kai, og sette kursen mot Hareid igjen, fortel Bjåstad.

Han sprang opp på dekk med ein gong han forstod kva som hadde skjedd.

- Må betre kontrollrutinene

- Eg kan vedgå at eg var krass. Og då eg ville vite kva dette var slags tull fekk eg til svar at det var menneskeleg svikt. Men det er ikkje første gong "Ullensvang" har gløymt bilane under dekk, og eg synest det er helt betimeleg å spørje kva slags kontrollrutiner mannskapet har, kommenterer Jan Arild Bjåstad.

- Ullensvang  må skjerpe kontrollrutinene sine. Det er i alle fall 2. gong dette har skjedd, seier Bjåstad.