Hareid kommunestyre sa torsdag  ja til å redusere talet på sektorar i kommuneadministrasjonen.

Alle partia sa seg samde i rådmannen sitt framlegg om å gå ned til tre sektorar, men medan dei andre partia – etter framlegg frå Ingebjørn Grimstad (FrP) – ville ha ei eiga stilling som assisterande rådmann med ansvar for stabs- og støttefunksjonane, ville Folkelista avvente dette.

Vedtaket medfører at kommunen no skal ta ei runde med tanke på interne omrokeringar eller eventuelt lyse ut stillinga i den opne marknaden.

Marianne Overå (Folkelista) var usikker på økonomien i rådmannen sitt forslag og nemnde at kommunen frå før har tidlegare rådmann Grytten i ei 100-prosentstilling som rådgjevar. Ho reagerte også på at rådmannen ville ha meir tid til å vere «utanriksminister». – Slik eg ser det, er det ordførar-en som skal vere utanriksministeren vår, sa ho.

Bernt Brandal (Folkelista) var positiv til tre sektorar og tre kommunalsjefar, men frykta ein topptung organisasjon som vart så dyr at ein ikkje fekk midlar til å utføre lovpålagde tenester. – Vi kan ikkje bruke innbyggarane sine pengar til å styrke toppleiinga i kommunen når behovet er så stort der tenestene skal vere, sa Brandal, som meinte at topptunge organisasjonar med fokus på kontroll og overvaking gjekk av moten for snart ti år sidan.

Annika Brandal (V) støtta rådmannen sitt framlegg og FrP sitt forslag om å tilsetje assisterande rådmann.

Det same gjorde Oskar Grimstad (FrP), som meinte det Hareid no mest av alt trong var ei betre leiing. Då ville ein også lykkast betre med kontroll på økonomien.

Rådmannen presiserte at lønsmidlane til assisterande rådmann alt låg inne. Ho sa seg enig i at ordføraren er utanriksminister. – Men rådmannen kan ikkje ha berre eit innoverretta blikk. Vi er ein del av ein region. Ein rådmann må også ha eit utoverretta fokus, kunne løfte blikket og sjå framover. I dag har rådmannen meir enn nok med å sløkke «interne brannar», og kan ikkje greie begge deler. – Og vi treng å styrke stabsstøtte-tenestene.

Ordførar Anders Riise (H): – Vi har ikkje hatt god nok strategisk leiing. Den nye modellen gir oss mulegheiter. Rådmannen blir frikjøpt frå dei daglege rutinene. Det vi no gjer er i tråd med det vi har tenkt og sagt over tid. Vi kan skape ein heilt ny dynamikk. Den nye modellen kan gjere at vi lettare får tak i medfinansiering frå fylke og næringsliv o.s.v.

Kristian Fuglseth (Folkelista) var ikkje usamd i å gå over til tre sektorar, men tvilte på at tenestene i dei sjølvgåande sektorane vart betre ved å tilsetje fleire byråkratar. – Vi har ikkje hatt ei lita leiiing i Hareid kommune og burde heller satse på myndiggjering av dei som er, sa han bl. a.

Stian Runne Brandal (AP) oppsummerte det som hadde vore gjort i denne saka tidlegare. Det hadde kome forslag frå politikarane, utan at ein hadde sett resultat av det. Dei tillitsvalde var ikkje fornøgde, fordi det vart gått for smalt ut. No tek vi det frå rette enden, og eg ser ingen grunn til å ikkje ha tillit til at rådmannen har gode vurderingar.

Oskar Grimstad (FrP) viste til Stordal kommune og det dei hadde fått tilført av midlar frå overordna miljø etter at mange arbeidsplassar vart lagt ned. – Hareid kommune er kanskje den kommunen i Møre og Romsdal i dag som har høgast arbeidsløyse. Vi burde få til noko liknande som Stordal.