Ulstein og Hareid Dykkerklubb har hittil henta opp over 350 krabbe- og hummarteiner som anten har slite seg eller berre er gløymde.

– Det er greitt å få dei vekk frå havet, slik dei ikkje står og fangstar til evig tid. Det er ikkje bra at dei berre blir liggjande på havbotnen, seier Remi Stridh, leiar i Ulstein og Hareid Dykkeklubb, til Vikebladet Vestposten.

Dykkarklubben har til no vore ved nær sagt alle hamnene på Hareidlandet og henta opp krabbe- og hummarteiner som har slite seg, blåst på sjøen eller rett og slett blitt gløymd igjen. Hittil har dykkarane rapportert frå om over 350 teiner.

Forskingsprosjekt

Det heile kom i gong på grunn av eit forskingsprosjekt i regi av Havforskingsinstituttet. Sparebankstiftelsen DNB delte i 2016 ut 500.000 kroner til dei 45 dykkarklubbane som etter 81 gjennomførte ryddeaksjonar leverte inn rapporteringsskjema. Basert på rapportane som har kome inn har styret i Norges Dykkerforbund fordelt ytterlegare 1 million kroner.

Til no i 2016 og 2017 har Ulstein og Hareid Dykkerklubb henta opp så mange teiner og sendt inn så mange rapportar at dei har bikka 110.000 kroner i overføringar.

– Det er rapportane vi får betalt for, fortel Remi Stridh.

Han fortel at dei ekstra pengane i klubbkassa kjem svært godt med, og at klubben no sparer for å kunne kjøpe inn ein skikkeleg sikringsbåt for dykking. Klubben, som har 21 medlemmar i dag, starta opp igjen for eitt år sidan, etter å ha vore ned i nokre år før det igjen.

– Vi har som mål å fordoble medlemstalet. For å få med fleire treng vi nok meir materiell, og då først og fremst båtar.

– Mykje skrot

Det har vore mykje fokus på forsøpling i hava våre i det siste. Ifølgje dykkarklubbleiaren er dette fullt forståeleg.

– Vi som er ofte under vatn ser kva som er der. For folk flest så er ting borte når det kjem under vatn. Vi ser kor mykje søppel og andre ting som ikkje har noko der å gjere, som hamnar i sjøen. Nylongarn, som ikkje løyser seg opp, er nok det som tek mest. Dykkarar kan også setje seg fast i slike. Teiner som ikkje lenger er til nytte for nokon er også noko som kan plukkast ut av hava, og det er mange fleire igjen, fortel Stridh.