Tysdag morgon oppdaga Jostein Ulstein i Ulsteinvik ein småfugl han og kona aldri har sett før.

- Eg sneik meg ut på altanen og tok bilde mellom fjølene på rekkverket. Fuglen var veldig på vakt og flaug lett vekk, fortel Jostein Ulstein.

Han slår fast at det var ein svært flott fugl og at det var to av dei - eit par.

Ulstein har bladd opp i fugleboka si og funne ut at det er ein Stillits, som er i finkefamilien.

- I fugleboka er stillitsen skravert inn så vidt i austlandsområdet sør for Oslo, så no lurer eg på kor sjeldan han er her på våre kantar.

Nokon som veit?