Tysdag ettermiddag orienterte økonomileiar Steinar Nummedal Ulstein formannskap om den ureviderte rekneskapen for 2016.

– Det å brøyte snø er dyrt, glapp det ut av Nummedal. Det er vanskeleg for kommuneadministrasjonen og politikarane å forutsjå kor mykje det vil snø neste år, men når snøen kjem, må han brøytast vekk frå vegane.

Hanne Notøy (Arbeidarpartiet) presiserte at ho ikkje er glad i snø, og lurte på om kommunen budsjetterer med for låge utgifter til brøyting, for me har vent oss til snøfattige vintrar. Nei, det meinte økonomileiaren me ikkje har. Det var mange snøfall i fjor, sjølv om snøen ikkje vart liggande så lenge kvar gong.

Snøfall i natt

Då me vakna i dag tidleg låg det eit kvitt teppe med snø over heile Hareidlandet. Det var nesten så det hadde gått troll i ord.

– Kor mykje vil snøfallet i natt koste kommunen?

– Det vil fort kome opp i mellom 20 000 og 30 000, svarer Nummedal når Vikebladet Vestposten kontaktar han. Han har førebels ikkje fått inn timelister, så det er for tidleg å gje noko nøyaktig tal.

Han legg til at når det snør i eit døgn kostar det fort oppi 50 000 kroner. Så det er kostbart.

– Men det har gjennomgåande vore snillare å år enn i fjor, seier Nummedal og minnest alle snøbygene som kom då.