Det er høgare nivå av miljøgifter i norsk villaks enn det er i norsk oppdrettslaks. Det kjem fram i ein ny norsk studie. Studien er den første av ein viss storleik som samanliknar den laksearten vi har i norsk natur med norsk oppdrettslaks.

– Ein har trudd at det er meir miljøgifter i oppdrettslaks enn i villaks, men no viser det seg at det er feil, seier Anne-Katrine Lundebye, seniorforskar ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning, (NIFES).

Mindre i oppdrettslaksen

Lundebye har leia eit forskingsprosjektet, der ein samanliknar norsk villaks med norsk oppdrettslaks.

Forskarane har studert både skilnader i miljøgifter og i næringsstoff mellom dei to. Oppsiktsvekkande eller ei, studien viser altså at villaksen har meir miljøgifter i seg enn oppdrettslaksen. Dette gjeld mellom anna dioksin, PCB, bromerte flammehemmarar og dei fleste sprøytemiddel. Lundebye forklarar skilnaden med kva fisken får i seg.

– Fisken speglar det han et, både når det gjeld miljøgifter og næringsstoff. Dette kan vi kontrollere i oppdrettsfisk, men i naturen varierer det kva fisken får å ete, seier Lundebye til heimesida til NIFES.

Utviklinga av fiskefor er ein av grunnane til det relativt lave nivået av organiske miljøgifter i oppdrettslaks. Fiskeforet inneheld i dag mindre fiskeolje enn tidlegare, og det var nettopp fiskeoljen som var kjelda til mange av dei uønska stoffa i foret.