Amnestygruppene i Ulstein og Hareid arrangerte tysdagskvelden ope møte på Napoli på Hareid. Temaet for møtet var flyktningar. Det er tydeleg at dette var eit tema som interesserer mange, for restauranten vart fylt til randa.

Amnesty hadde fått mange gode talarar til å halde innlegg om temaet, men han som kanskje gjorde sterkast inntrykk var unge Ali frå Afghanistan. Han bur på mottaket for mindreårige asylsøkjarar på Hareid og var med mottaksleiar Iselin Aske.

Sterk historie

Ali fortalde på imponerande norsk (etter å ha budd her i 14 månader) om den trasige oppveksten sin. Foreldra hans vart drepne og han måtte bu med onkelen sin som ikkje var snill med han. Han både slo og brukte den unge guten for å skaffe pengar. Livet vart så vanskeleg at Ali måtte flykte. I Iran starta han eit nytt liv. I eit år jobba han for ein familie, der han vaska og laga mat. Men så flytta familie, og Ali måtte bu på gata. Han var så ung at det var vanskeleg å skaffe seg skikkeleg arbeid, men han greidde på eit vis å livnære seg, sjølv om det var ikkje alle dagar han hadde pengar til mat. Etter fire år fann onkelen han, og Ali måtte rømme på ny, til ein annan stad i Iran. Deretter flykta han vidare til Tyrkia, til Hellas og ende etter kvart opp i Noreg. Her ville han starte eit nytt og godt liv og gløyme fortida.

Han hadde det veldig vanskeleg då han kom til Hareid og var veldig stressa, men mottaket har flinke folk til å ta seg av dei unge gutane. Han prøver å halde seg i aktivitet på dagtid, men nettene er lange og vonde. Det er vanskeleg å få sove, og mareritta er fæle.

Etter sommarferien har det vore vanskeleg å motivere seg. Han og dei andre gutane har fått med seg at asylpolitikken i Noreg har blitt stramma inn. Mange er redde for å bli sendt tilbake. Dei siste månadene har det vore fleire tilfelle med gutar som vil ta livet av seg, eller har rømt. Å leve på gata ein eller annan stad i Europa freistar meir enn å bli sendt tilbake til heimlandet.

Gutar forsvinn

Måndag denne veka forsvann igjen ein ung gut frå mottaket. Det var leiteaksjon etter guten i fleire timar. Heldigvis kom han til rette på kvelden, men medan møtet pågjekk tysdagskvelden, fekk Aske melding om at han igjen hadde rømt.

– Dette er kvardagen på mottaket, sa Aske til forsamlinga. Ho fortalde at dei som jobbar der likar jobben sin. Dei kjem tidleg og dreg seint frå jobb. Men dei er trøytte og leie. Dei kjenner det som deira faglege profesjon blir undervurdert. Dei blir ikkje høyrde. Dei skriv gode faglege grunngjevingar for kva som er alderen på gutane, men rapportane blir ikkje lese. Dei er også leie av å selje seg sjølve og frå fram alt det positive som blir gjort på mottaket. Dei har nyleg vore på paragliding med gutane, men mottaket er langt ifrå nokon leirskule.

Ta vår del av ansvaret

Styreleiar i Amnesty International i Noreg, Kjetil Haanes, meiner at Noreg må ta sin del av ansvaret for 65 millionar menneske på flukt. No er det dei fattigaste landa som tar imot flest flyktningar. Amnesty meiner at Noreg bør ta imot 10 000 av dei som er stranda i Hellas og Italia. Dei bør få kome til Noreg og få vurdert søknaden sin. I tillegg bør Noreg ta imot 500 fleire kvoteflyktningar.

Haanes har siste året vore norsklærar for 40 mindreårige asylsøkjarar. Aldri har han hatt meir motiverte elevar. Men innstrammingane i asylpolitikken har gjort gutane depressive, og han vart meir krisearbeidar enn lærar.