Då Vikebladet Vestposten var innom Hareid skule i langfriminuttet tysag striregna det og var hustrig, men borna var likevel i full aktivitet i skulegarden. Få stod under tak og hutra. Dette skuleåret har dei nemleg innført noko nytt på skulen. Nokre sjuandeklassingar er trivselsleiarar, det vil seie at dei organiserer fleire aktivitetar/leikar som skuleelevane kan vere med på.

Vil du vite meir kan du sjå filmen øvst i artikkelen.

Fyldigare reportasje kjem i papiravisa laurdag.