For seks veker sidan spurte venstrerepresentanten korleis det går med byggjeprosjektet Arena Ulstein. Det hadde då kome signal i styret om at det var kome, og kom til å bli fleire økonomiske overskridingar i prosjektet. 27 millionar den gongen.

– No, seks veker seinare, har me møte i kommunens økonomisk ansvarlege organ Ulstein formannskap utan å ha fått ei orientering i saka, sa Grødahl og ville vite når formannskap og kommunestyret får vite noko om overskridingane. Kvifor er det ikkje lagt fram for organa no? Kor store er overskridingane per dato? Og korleis vil dette påverke drifta i kommunen?

Grødahl føreslo at kommunen kallar inn til eit ekstraordinært kommunestyremøte for å orientere om dette.

Ikkje ferdig i styret

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) svara at kommunestyret blir informerte når styret i Ulstein Eigedomsselskap KF er ferdige. Før dei er klare, er det ikkje noko å orientere om. Han sa at dei ønskjer ikkje å blottlegge seg, for det kan påverke forhandlingsposisjonen.

Ordføraren sa at det blir arbeidd godt i administrasjonen og styret med denne saka. Saka er særs kompleks, så dei treng meir tid.

Det var tidlegare tenkt at kommunestyret skulle få ei orientering 30. mars, men dei rekk ikkje å bli ferdige til då. Det skal vere leiarforum-møte den 4. og 5. april, kanskje dei kan få ei orientering då?

Kor store overskridingane blir veit ein ikkje før styret er ferdige med å handsame saka.

Viktig med politisk styring

Grødahl forstod at dei jobbar godt i styret, men syntest likevel det har gått lang tid og meiner det er viktig med politisk styring. Politikarane kan be om ei orientering no, så kan det heller gå føre seg i lukka rom om det er naudsynt.

– Eg treng ikkje eit svar med to strekar under, men me treng ei orientering, sa han.

Hanne Notøy (Ap) var skeptisk til å få brotstykke av saka. Det kan gje eit feil bilete av heilskapen. Tor Meinseth (H) presiserte at han ikkje vil ha nokre halvkvedne viser. Engh sa at kommunestyret vil få ei orientering neste veke om kvar prosessen står.