Denne veka har Emma Krokeide og Eline Leer-Salvesen praksisveke hos Vikebladet Vestposten. Dei er begge elevar i 9B ved Hareid ungdomsskule, og til liks med resten av klassetrinnet deltek dei no i det som vert kalla PRYOR-veka.

– Det står for praktisk yrkesorientering, forklarer Eline og Emma.

Spennande og allsidig

– Eg likar å skrive og det verka spanande å jobbe i lokalavisa. Det er ein allsidig arbeidsplass der vi får prøve oss på mange ulike ting, seier Eline.

– Ja, og i tillegg er det kjekt å snakke med folk og så likar eg å fotografere, skyt Emma inn.

Begge to fortel at dei les avisa med jamne mellomrom, Emma helst når ho er på besøk hos bestemor Inga Ishild Hareide (som sjølv har arbeidd som journalist i lokalavisa) medan Eline ofte nyttar seg av nettavisa.

Lærerikt og kjekt

Så langt tykkjer dei at arbeidsveka har vore både lærerik og kjekk.

– Vi har fått møte mange forskjellige folk og så har det vore kjekt å jobbe lengre dagar, seier dei to som er på jobb frå halv ni om morgonen til halv fem på ettermiddagen.

– Eg vurderer å verte journalist ein dag, seier Eline.

Tidlegare denne veka har dei laga 5 på gata-intervju, det som vert kalla enquete på fint. Denne dagen har dei planlagt å intervjue medelevar som har PRYOR-veke på andre arbeidsplassar. Resultatet av dette vert å lese i avisa på laurdag.