Roar Brekke debuterte allereie i 1997, og har sidan opptredt over 2000 plassar og sett opp heile fem einmannsshow. For det siste showet «All verdas tid» vart han nominert til NRK sin Komipris for Beste standup 2016, heiter det i ei pressemelding frå Sans Pub.

Brekke har turnert med showet sidan premieren hausten 2015, og meir enn 35 spelestader er unnagjort eller planlagt.

Han er oppvaksen i Odda, same bygda som Lote-Pus, er tobarnsfar og har blikket for herlege observasjonar om kvardagslivet.

– Eg elskar å gå inn i karakterar og bruke mimikk og kroppsspråk for å lokke fram gaplatteren, fortel han.

For alle aldrar

Roar Brekke fabulerer over tidsklemma, 40 TV-kanalar, lynraske fluger og ferdig utblanda saft. Han er ein fysisk komikar, og har også Trim for eldre på 1970-talet på repertoaret.

– Eg er nok litt i «Dagfinn Lyngbø-land». Eg tek utgangspunkt i det som stressar oss slik i dag, og erfaringa mi er at komikken min går inn hos både 25-åringar og dei på 55-pluss, seier han.

Siste framføringsplass var Sotra. Komande fredag har han ein konferansierjobb i Ålesund, og laurdag blir det altså Sans Pub på Hareid.

Pinsa skal han feire på Gullfaksfeltet i Nordsjøen, der han skal underhalde Nordsjø-arbeidarar.