Av det samla talet fekk Nav varsel om nedbemanning av 1.300 personar. I februar i fjor vart det meldt inn 4.800 permitteringar og oppseiingar.

Det var flest varsel i Rogaland, Oslo og Hordaland i februar, med høvesvis 400, 300 og 200. Men samanlikna med dei siste åra er dette likevel ein betydeleg nedgang for Rogaland og Hordaland. I februar i fjor fekk Nav 1.900 varsel som gjaldt Rogaland.

Alle fylka unntatt Finnmark hadde nedgang i talet på varsla oppseiingar og permitteringar i februar frå januar i år. Oppland, Buskerud, Vestfold, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Nordland fekk ingen varsel i februar.

Det er framleis flest varsel innan industrinæringa. Samanlikna med februar i fjor er det likevel stor nedgang også her, frå høvesvis 1.200 varsel i februar 2016 til 400 varsel i år.

Bedrifter som planlegg å seie opp eller permittere minst ti tilsette, må varsle Nav.