Bakgrunnen for kraftsalva hans er at han føler seg ført bak lyset av dei to kvinnene som står bak dokumentarfilmen «Ishavsblod» som no går på Sjøborg kino i Ulsteinvik.

Arnfinn fortel at filmskaparane over ein toårsperiode var 3–4 gonger til Polargodt sitt anlegg i Tjørvåg og filma.

– Eg tenkte yes, endeleg får vi ein sjanse til å vise Norges befolkning kor nyttig selen er som produkt. Eg gledde meg til at det skulle kome ein film som viste foredlinga. At dyret ikkje døyr fånyttes, forklarer Karlsen.

Han vart mildt sagt skuffa då han såg filmen.

– Alt var klipt bort. Også filminga der seloljen vart tappa på flasker.

Karlsen understrekar at filmen er god, og viser ei autentisk skildring av livet i Vesterisen. Men personleg synest han ikkje det trengst fleire dokumentarar om livet i isen.

Polargodt har i fleire år sendt selolje ut på marknaden. Den blir brukt av menneske som anten har – eller vil motverke leddplager, og han blir brukt til hestar, hundar og sportskøyring med rein.

Marknad også for selskinna

Men det er ikkje berre oljen som blir foredla ved mottaket i Tjørvåg. I motsetning til det mange trur, sel Polargodt også ein god del selskinnprodukt.

– Selskinn blir brukt til å produsere vintersko, og til tresko. Vi får også sydd puter ved Vital Base på Hareid, og det går også ein del til andre pynteprodukt.

– Grønlandsselen er ein ressurs, ein uslipt diamant. Det gjeld berre å utvikle produkta.

Karlsen meiner det er viktig å få slutt på ordninga med statsstøtte til selfangsten. Næringa bør klare seg sjølv. Selfangstskuten må ha eit mottakarapparat som betaler så bad at det løner seg å gå i isen, og mottakarapparatet må utvikle produkt som marknaden vl ha og betale for.

Karlsen er fullstendig klar over at ikkje alle selfangarar er samde i at statsstøtta må bort.

I år var det fire skuter som søkte om å få gå i Vesterisen, men berre ei, «Havsel» fekk løyve. Meir er der ikkje statsstøtte til.

Det blir rekna med at det er om lag ein million vaksen sel i Vesteris-området. I tillegg kjem klappmyss. Årleg blir det kasta om lag 100.000 ungar i dette området, og bestanden er veksande.

– Ville skildre ishavssuget

Regissør Gry Elisabeth Mortensen seier til Vikebladet Vestposten at det er leit Arnfinn Karlsen føler seg ført bak lyset.

– Men når vi lagar ein dokumentar så filmar vi mykje. Vi jobbar med verkelegheita, og hadde til slutt 300 timar med materiale som vi skulle redigere ned til ei kinoframsyning. Målet vårt var å skildre det å vere i isen. At folk skulle få ei kjensle av ishavssug. Men både eg og medregissør Trude Berge Ottersen meiner vi også har fått fram at selen er ein ressurs som kan brukast. Det har vi gjort blant anna med å vise selskinn som blir heist på land, og folk som står på kaia og kjøper selkjøt. Korleis sjølve tilverkinga skjer kan fort bli teknisk og utan dramaturgisk nerve, forklarer dei to kvinnene i Koko Film.