I morgon, sundag, startar sommartida.

Klokka to natt til sundag skal du stille klokka ein time fram.

Ein grei hugseregel

Ein del slit med å hugse kva veg dei skal stille klokka. Ein grei hugseregel er at klokka alltid skal stillast mot nærmaste sommar. Altså ein time fram på våren (mot sommaren) og ein time tilbake på hausten (mot sommaren).

Tidspunkta for skifte mellom normaltid og sommartid er felles for landa i EØS-området og vedteke av EU-kommisjonen i henhold til direktiv om sommartid.

I Noreg har me hatt sommartid kvart år sidan 1980.