Den unge mannen som seier dette er Velmai Trettø (17) frå Hareid.

Han er fødd prematur, har spastisk cerebral parese og er fulltids elektrisk rullestolbrukar. Dei to siste åra har vore ekstra utfordrande med spasmar, blæreproblematikk og fleire operasjonar, både planlagt og akutt.

Velmai har nyresvikt og i januar i år vart han operert og fekk lagt inn urostomi. I etterkant vart det store komplikasjonar. Han rivna innvendig og måtte opererast på nytt ved St. Olavs Hospital i Trondheim.

– Medan vi var i Trondheim fekk eg full opplæring ved St. Olav i korleis vi skulle stelle urostemien, reinsing av stentar og blæresskylling, fortel Kimberley Trettø, mor til Velmai.

Ønskjer fleire PBA-timar

Sidan har det fulle og heile ansvaret for stellet falle på henne.

– 9. februar vart det halde eit ansvarsgruppemøte med representantar frå helsesektoren i Hareid. Der vart det avgjort at hjelpa måtte utvidast med fleire timar kjapt, og vi fekk forsikring om at heimesjukepleia skulle få opplæring, hevar Kimberley.

Familien har søkt om fleire timar til BPA (brukarstyrt personleg assistent). Velmey har i dag innvilga 55 BPA-timar i veka, fordelt på to personar. Desse kjenner Velmai godt, og har også helsefagleg utdanning.

– Ein sosionom ved St. Olav sa til meg at det var vanleg at personar som hadde så stor funksjonsnedsetting som Velmey hadde 90 timar BPA i veka, fortel Kimberley.

Sidan Velmai er rullestolbrukar må stomien skiftast fleire gonger per dag på grunn av lekkasje. I tillegg må kateteret skiftast og stentane reinsast på grunn av slimdanning. Dette er eit arbeid som må gjerast korrekt, viss ikkje kan det bli både smertefullt og gi infeksjon.

Kimberley må vere i beredskap døgnet rundt for at sonen skal få den hjelpa han treng, og ho legg ikkje skjul på at ho byrjar å bli sliten.

Kom utan opplæring

Omsorgsetaten i Hareid meiner det er dei som skal stå for kateterskift og reinsing av stettar.

– Det er for så vidt greitt, men då må helsepersonellet kunne det, og dei må kome med ein gong det er behov for det, kommenterer Kimberley Trettø.

Ho hevdar at dei i førre veke fekk forsikring om at helsepersonellet i heimesjukepleia no hadde fått den opplæringa som skal til for å stelle Velmai.

– Men det hadde dei ikkje. Dei to sjukepleiarane hadde ikkje vore bort i liknande tilfelle før, og dei hadde ikkje fått opplæring, hevdar Kimberley.

Dagen etter måtte Velmai på sjukehus på grunn av smerter og blod i urinen.

Tilbod om sjukeheimsplass

– Ein lege har sagt at Velmay kan få plass ved sjukeheimen inntil pleiarane har fått opplæring, men aldri om eg sender Velmay til ein gamleheim, slår mora fast.

– No er vi komne til slutten av april, og ingen ting har skjedd. Det er tydeleg at kommuneleiinga forventar at det er eg som skal ta jobben døgnet rundt, meiner Kimberly.

Fredag i førre veke fekk ho nok, og sende brev til Fylkesmannen.

Kimberley hevdar dei måtte vente i seks månader før heimesjukepleia kom med ein dusj-stol, og sjukesenga som Velami har venta på sidan januar, fekk han i førre veke.

Klarer ikkje å skaffe støttekontakt

Velmai ligg no for det meste i sjukesenga på rommet sitt. Timane med BPA strekk ikkje til, og Velmai kjem seg ikkje ut.

– Eg er glad i mora mi, men likar ikkje at ho skal stelle meg. Dei siste månadene har eg vore som i eit fengsel. Kommuneleiinga lovar, men ingen ting skjer. Eg har også blitt lova 6 timar med støttekontakt i veka, men dei klarer ikkje å skaffe nokon. Eg er 17 år og skal ikkje på sjukeheim. Det ville vere å gjere livet mitt endå verre enn det er i dag. No er det ille nok, seier Velmai.

Kommentar frå rådmannen i Hareid

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge i Hareid kommune svarer dette på kritikken frå Trettø:

Som forvaltarar av helse- og omsorgstenester skal kommunen tildele tenester i tråd med lov – og regelverket. Tenestene vert tildelte på bakgrunn av faktaopplysningar som vert henta frå andre faginstansar og pasient – og pårørande. Ansvargruppemøter kan vere eit eksempel på ein viktig arena for informasjonsutveksling. Det er imidlertid ikkje ein arena for sakshandsaming. Kommunen gir ikkje lovnadar, men enkeltvedtak. Desse er skiftlege, og kan påklagast. Ved ein klage vil kommunen vurdere klagen. Held ein fast på vedtaket går dette vidare til fylkesmannen for overprøving.

Når det gjeld opplæring vert dette gjort der det er behov for det. Er ein i tvil avklarar ein med lege eller helseføretak. Dersom opplæring ikkje er gjort er dette etter ei forståing med desse om at den kunnskapen som ligg i grunnutdanninga er god nok. Om ein fagperson kjenner behov for oppdatering eller oppfrisking vert dette altså gjort enten ved lokal kollegarettleiing eller hos spesialisthelsetenesta der det er behov for det.

Kommunen spekulerer ikkje i pengar når det gjeld liv og helse, men ein vil alltid måtte gjere ei individuell fagleg skjønsvurdering på kva som er nødvendige tenester. Dette kan vere noko anna enn det den enkelte meiner er det beste for ein sjølv.