Andre namn på lista over føredragshaldarar var mellom anna forsvarsminister Ine Eriksen Søreide, justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen, tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen, journalist Morten Jentoft og Erik Tandberg.

Føredraget til Karoline Osnes hadde tittelen «Laminert glas utsett for eksplosjonslast – materialets reaksjon og modellering av dette».

– Det gjekk veldig greitt. Eg har øvd mykje, så eg kunne nok halde føredraget i søvne, svarer Osnes når Vikebladet Vestposten ringjer henne for å høyre korleis det gjekk.

Del av forskingsgruppe

Karoline Osnes har tidlegare ein mastergrad frå Bygg- og miljøteknikk på NTNU med berekningsmekanikk som hovudprofil.

Sidan hausten 2015 har ho vore doktorgradsstipendiat i ei forskingsgruppe, CASA (Centre for Advanced Structural Analysis). Der testar dei ut korleis ulike materiale oppfører seg under ekstreme forhold.

Glas er eit sprøtt materiale som gir liten motstand mot trykkbølgjer produsert av eksplosjonar. Om det knuser, blir det produsert mange skarpe fragment som potensielt kan føre til stor skade. Laminert glas blir nytta når det er naudsynt med auka tryggleik og styrke. Osnes snakka i føredraget sitt korleis laminert glas oppfører seg om ein skyt på det, eller under eksplosjonar, og utfordringar knytt til laminert glas.

Til offentlege bygg

Karoline Osnes fortel at arkitektane har teikna inn ein del vindauge i skissene til nytt regjeringsbygg. Her bør ein tenkje over kva slags glas ein nyttar, og korleis dei vil oppføre seg under til dømes eksplosjon. Osnes og kollegaene hennar jobbar for å lage betre og tryggare løysingar. Dei er ute etter optimale løysingar, med lite kostnader.

– Me er i utviklingsfasen, så det er ikkje sikkert det er klart til det nye regjeringsbygget skal byggast, seier Osnes.

Men der vil alltid kome nye bygg som har bruk auka tryggleik, og difor kan ha nytte av forskinga deira.

Fireårige

Osnes er ferdig med det fireårige løpet til hausten 2019. Kva ho gjer etter det veit ikkje. Ho kan gå til industrien, eller arbeide akademisk ved NTNU.