TV2 stadfestar samtidig at det blir ei ny runde med Kjendis-Farmen.

Nye reglar gjer at fjorårsvinnaren Lothepus blir med for å forsvare sigeren. Han kan dermed vinne si Saltdal-hytte nummer to.

Fekk tips av filmfolk

Det er filmfolk som har vore i distriktet i samband med research og auditions før innspelingane av «Hjemmebane» (med John Carew og Ane Dahl Torp i hovudrollene) som har tipsa om Fjelle. Grenda ligg ideelt avsondra frå støyande biltrafikk og båtbråk frå verfta.

Sommarstengt

For å skape ein mest muleg autentisk bondegard-scene, vil vegen over Fjelle vere stengd i to månader i sommar – frå 4. juni til og med 4. august. Hytteeigarar på Løset og ved Fjellsvatnet vil måtte parkere bilane på Moldskred medan det foregår opptak i terrenget rundt vatnet. Vegen frå Hareidseidet vil vere open opp til parkeringsplassen i Fjellsbrekkene, men berre på dagar med oddetal.

Fjellsvatnet er ikkje særleg djupt – og der kan bli svært varmt om sommarane. Vatnet kan derfor egne seg godt til symje- og rokonkurransar.

Innlandsnatur i kyststrok

TV2 omtalar Fjelle som ein av få plassar i landet med innlandsnatur i eit typisk kystklima. Der skal bl. a. vere observert ekorn.

Marit Arnstad og Rein

Forutan Lothepus er Marit Arnstad og Rein Alexander invitert. TV2 har opna for at også lokale kjendisar kan delta. Lokalavisa tek gjerne imot forslag på slike. Det lokale publikum blir også oppmoda om å verte med som aktørar under «Markedet», som eit fast innslag i «Farmen». Dei kan melde seg på via telefon eller e-post til lokalavisa etter «først til mølla»-prinsippet. «Markedet» vert ved utløpet av Fjellsvatnet. Deltakarane vert frakta dit i båt frå garden til Edvard Fjelle og over vatnet.