Det måtte to oppteljingar til, men til slutt vart det klart at Venstres landsmøte med 107 mot 105 stemmer sa ja til å behalde fråværsgrensa og evaluere den. Det skriv Venstre i ei pressemelding.

Landsstyret hadde i utgangspunktet foreslått at Venstre skulle gå for å fjerne fråværsgrensa. Pål Grødahl – med støtte frå Møre og Romsdal Venstre var mellom dei som ønskte at fråværsgrensa skal bestå, men at den skal evaluerast.

Grødahl er lektor ved Volda vidaregåande skule , og seier både han og dei andre lærarane ser at fråværsgrensa verkar godt.

- Dei fleste lærarane meiner fråværsgrensa er veldig positiv – og det same gjer mange av elevane, seier Grødahl.

Les også: - Elevane er meir på skule

Få meir kunnskap

På landsmøtet var det fleire som argumenterte for å fjerne fråværsgrensa. Det vart mellom anna vist til fråværsgrensa gjer at ein får fleire dropouts og at den gjorde det vanskeleg for dei elevane som av ulike årsaker slit.

Dei som ville behalde fråværsgrensa sa peikte på at fråværsgrensa gjer at fleire elevar møter opp, får betre karakterar og meir læring.

- Ein god skule er noko ein bygger saman med kvarandre så det er særs viktig at elevane er til stades og at dei er i kontakt med klassane sine og lærerane. Berre slik kan vi få ein endå betre skule, meiner Grødahl .

Han seier det ikkje vil vere klokt å fjerne fråværsgrensa utan ei evaluering.

- No går vi for evaluering. Eg meiner vi har sett at fråværsgrensa er ei ordning som gjer at vidaregåande skule fungerer for fleire, og no får vi ei evaluering, vi får kunnskap.