Først av alt stadfesta Urke, som han også har gjort tidlegare, at den opphavlege ramma for investering, på 268 millionar kroner, ikkje held for å ferdigstille Arena Ulstein.

- Styret i eigedomsselskapet har i etterkant av at dette blei kjent jobba for å avklare fleire viktige moment, for å få ei komplett oversikt over kva sluttsum ein ønskjer å søkje godkjenning for. Diverre var ikkje saka tilstrekkeleg avklara til at vi kunne handsame ho under dette kommunestyremøtet, fortalde Urke, som er dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap KF, til kommunestyret.

Saka vil først kome på bordet til politisk handsaming under kommunestyremøtet i mai.

- Då kjem vi til å ha klar ei innstilling til kommunestyret, seier Urke.

Fleire ulike overskridingar

Urke kunne syne fram tal som viser kvar overskridingane, som til saman er på 44,6 millionar kroner, har kome. Til dømes er det fakturert 7 millionar kroner ut over honorarbudsjettet til prosjekteringsgruppa. Dette budsjettet overskreid ein faktisk først allereie i oktober i fjor. Delar av denne overskridinga er heller ikkje betalt.

– Men, vi meiner det har blitt gjort prosjekteringsfeil, og har difor klaga på meirforbruket og andre forhold, fortalde Urke.

UEKF har difor engasjert ekstern kompetanse for å undersøke kontraktene. Ein rapport på dette vil vere eigedomsselskapet i hende neste veke.

Elles endar ekstra kostnad for betongarbeid som følgje av dårleg fjell på 650.000 kroner, medan oppgjeret for grunnarbeidet ikkje er ferdig, og dette vil koste rundt 2 millionar kroner. Endringane på bibliotekdelen av bygget vil koste 500.000 meir for arkitekt og like mykje for entreprenør.

Ber om fristforlenging

I tillegg har hovudentreprenør kome med eit krav om fristforlenging for ferdigstilling. I staden for at bygget blir ferdig i august, som avtalt, ønskjer entreprenøren ei fristforlenging til 25. november. Dette vil koste ca 1,8 millionar kroner. Det har også kome ønskje om meir pengar til sikkerheitssystem, spyleanlegg til badeanlegget, forbetra spreienett for data og kameraovervaking.

Ein ser no både på sal av parkeringsplassar, fakturering av Ulstein Fjernvarme AS, tilskot frå Fylket og fullt frådrag på momskompensasjonen som måtar å redusere sprekken på.

Her ser ein oppsummeringa av budsjettsprekken på Arena Ulstein. Etter frådraget av dei 18 millionane som var sett av i tilfelle kostnadsauke, er det framleis 22 millionar igjen. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll