No er det også søkt om løyve til å oppføre ei slik mast på Langeneset i Brandalsstranda. Masta blir ca 105 meter høg.

I Hareid kommune sine sakspapir står det at det omsøkte tiltaket er eit ledd  i fastlandssambandet frå Hareid mot Ålesund og ein del av ny trasé for E39.

I 12 år

Masta skal stå der og måle vinden i 12 år.

-  «Det er samla sett klart større fordelar enn ulemper ved å gi ein dispensasjon frå reguleringsplan/kommuneplan arealdel/føresegner», heiter det.

Kommunen gir også fritak frå kravet om nabovarsel, då tiltaket i liten grad påvirkar nabointeressene.

Masta skal stå i eit område som ikkje er utsett for fare for flaum, skred eller andre natur- og miljøtilhøve.

Kommunen har rekna seg til eit sakshandsamingsgebyr på kr. 16.490.