Førstkomande onsdag er det eit møte i Namnenemnda i Ulstein, og då er det fleire lokale stadnamn som skal på plass.

Mellom anna har kultursjef Leif Ringstad bede dei gå i gang med prosessen med namnesetjing for den nye fleirbrukshallen i Ulsteinvik sentrum, sånn at namnet er klart til opninga. I lokalavisa har bygget stort sett blitt kalla Arena Ulstein, då det var arbeidstittelen då planane for bygget vart presentert. Men skal det vere det endelege namnet?

Ringstad foreslår at dei bytter om på namna, så det blir Ulstein Arena. Det kan til dømes vere praktisk at fleirbrukshuset kjem under Ulstein i den alfabetiske lista til Kampdagboka til NHF. Han viser også til at det er fleire andre slike anlegg som heiter noko med Arena, men då kjem Arena-namnet etter eit sponsornamn eller stadnamn.

Sjølv om kultursjefen har ei klar tilråding, oppmodar kommunalsjef teknisk, Anita Sundnes, namnenemnda om å bruke litt tid på denne saka. Arena Ulstein har blitt innarbeidt på folkemunne ved at dette namnet har blitt brukt i lokalavisa.

– Det er diverre lett at slike namn blir hengande på prosjektet sjølv om ein kanskje seinare ser at andre namn kunne vore mykje betre.

Sundnes tilrår også at namnet blir Ulstein Arena.

Nesja

Namnenemnda har tidlegare tilrådd at vegparsellen frå Eiksundvegen til Havågneset skal heite Havågneset. Men Stadnamntenesta på Vestlandet meinte det ikkje var eit godt namn og at det heller burde heite Havågsneset. Namnenemnda i Ulstein uttrykte så dissens med Språkrådet.

Etter samtalar med fleire som bur i området, foreslår kommunalsjef teknisk at vegen kan heite Nesjavegen i staden. Havågneset blir gjerne kalla Nesja.

Nesja er i følgje språkrådet ei kjend fleirtalsform av nes. Stadnamntenesta på Vestlandet, underteikna stadnamnkonsulent Gunnstein Akselberg (som mange sikkert har sett på TV-skjermen i Eides språksjov), meiner det er tilrådeleg å nytte Nesjavegen som offisiell adressenamneform.

Og ein av dei lokale synest det er særs verdfullt at ein tar vare på Nesja-namnet så det ikkje går ut av bruk.

Søre og Nøre

I februar i fjor gjekk Namnenemnda i Ulstein inn for at vegen over Eika skal heite Nordre Eika og Søre Eika. Men då teknisk utval fekk saka på bordet bad dei namnenemnda vurdere skrivemåten søre og nøre som førestaving for namna på Eika.

Lov om stadnamn oppmodar om at ein følgjer norsk rettskriving. Der rettskrivinga gir rom for varierande normering, skal ein nytte den målforma som ligg nærast opp til talemålet på staden.

Sakshandsamar i Ulstein kommune har snakka med fleire lokale og fått stadfesta at det er vanleg å seie nøre Eika om nordsida av øya. Men finn ikkje støtte i ordbøkene for denne skrivemåten. Ordet nøre finst i fleire tydingar, men ikkje som adjektiv.

Eit alternativ er å skrive nørdre og syndre, men Sundnes rår til at ein held på nordre og søre, då det speglar eit moderne og lettforståeleg nynorsk.

Manglar fleire namn

Det er vedteke ny reguleringsplan for Tueneset. Dette området må få nytt namn.

Namnenemnda har også fått i oppdrag å finne eit høveleg namn for eit nytt område som er under regulering, like vest for Solstien.

Det er også ein del vegkryss som manglar offisielle namn, og turstiar som må få namn.