Gangen vidare blir korrekturlesing rett over påske, og deretter dei siste finjusteringane i mai/juni. I august skal boka sendast til trykking, kvar det no blir. Boka blir på om lag 600 sider, og får ca. 150 foto.

– Så vidt vi veit er det ingen andre kommunar i Norge som har ei liknande bok, kommenterer Einar Holm. Han siktar i første rekke til at forfattarane i stor grad har nytta seg av levande kjelder, og etterkomarane deira.

Asle-Geir Widnes Johansen har hatt med seg Einar Holm, Finn Sindre Eliassen, Marit Kvammen og Oddbjørn Grimstad i boknemnda. Sistnemnde representerer Hareid kommune.

Hareid kommune vart lausriven frå Ulstein i januar 1917, og det er dei 100 åra som sjølvstendig kommune boka handlar om.

Dyktige skribentar

– Folk i Hareid har vore svært flinke til å late etter seg skriftlege kjelder. Hareid Historielag har gjort ein viktig jobb gjennom mange år, og før historielaget vart skipa gjorde mellom anna Ludvik N. Holstad, Johan Haddal, Peter Brekke og Johan Bjørndal eit stort notatarbeid. Også dottera til Johan Bjørndal, Borghild Bjørndal, skreiv dagbok under heile krigen. Ho slutta den dagen krigen var slutt. Desse dagbøkene har vore til stor nytte for meg, fortel Widnes Johansen.

Han karakteriserer dagbøkene til Ludvik N. Holstad i perioden 1950–1968 som ei «fenomenal tidsskildring».

I tillegg har lokalavisene Aarvak, Vikebladet frå 1929, Vestposten frå 1970 og Vikebladet Vestposten frå 1989 vore viktige kjelder.

– Eg har saumfare lokalavisene og ser at på 1970- og 80-talet var Vestposten eit svært viktig lim for Hareid kommune, legg han til.

Marit Kvammen si «Industrisoge for Hareid», årsskrifta til Hareid Historielag og Johan E. Hareide si bok om Hareid kommunale El.verk har også vore gode å ha.

Rik kommune i 1917

I 1917 var Hareid ein rik kommune med blomstrande fiskeri og på landsida var Ole Teigene & Sønner den største arbeidsplassen i kommunen.

– Det var gode år fram til 1920, då slo den internasjonale krisa inn som eit sverd. Det vart tvangsauksjonar og mykje pengar forsvann ut av kommunen, samanfattar Widnes Johansen.

Med til denne tidsepoken høyrer også at Teigene & Sønner låg i ein nesten 20 årig strid med kommunen om vassrettar i Hareidselva. Saka var to gonger til Høgsterett.

Men tidene betra seg og på 1950-talet var Hareid den største fiskerikommunen i landet.

Einar Holm meiner ei viktig forklaring på at Hareid sakka akterut som fiskerikommunen er at fiskebåteigarane gjekk over til å drive reiarlag.

– På eit tidspunkt var det ikkje lenger «fiskaren og båten», slik dei i mykje større grad har halde fram i Herøy, forklarer Holm.

Då «Flømann» vart seld i 1998 var det slutt på dei havgåande båtane i Hareid.

I 1960 var innbyggjartalet i Hareid større enn i Ulstein. Men så forsvann silda, og verfta i Ulstein var frampå med å få bygt ferjer og passasjerbåtar. Då auka folketalet i Ulstein.

– I dag har vi fleire moderne industribedrifter, til dømes på Raffelneset, men hjørnesteinsbedrifter som Ekornes og Rolls-Royce (tidlegare Odim) har, eller er i ferd med å forsvinne, og det merkast, kommenterer Widnes Johansen.

For nokre tiår sidan var det planar om å bygge kulturhus i Hareid. Widnes Johansen trur det hadde vore eit pre for kommunen.

– Hareid er ein kulturkommune, og Hareidsstemna er heilt spesielt. Kommunen hadde trengt eit kulturhus, slår han fast.

Historiebokforfattaren understrekar at det også i Hareid er patriotkapital, og han trur at dersom kommunen skal halde fram som sjølvstendig i framtida, blir det viktig med politisk handlekraft.